Fotocredit:

MDG Kvam-Forslag til budsjett for 2018

MDG Bearbeiding av budsjett for Kvam Herad

Budsjettet 2018

I budsjettet for 2018 vil Kvam MDG saman med SV føreslå tiltak for tilrettelegging for mindre klimautslepp og sikring av matjord som viktige prinsipielle tiltak. Desse tiltaka medfører ikkje store kostnadar, men er viktig for utvikling i rett retning. Vi støtter også at kommunen sett i gang prosessar for snarast å ta heim matproduksjonen til institusjonsplassar i heradet.

Elles ser vi at det er svært viktig for utviklinga av kommunen å få ein betre situasjonen for barn med trong for barnehageplass. Vi kan ikkje leva med at 40 barn står på venteliste til barnehageplass. Kvam herad treng fleire innbyggarar, særleg unge menneske. Då er plass i barnehage eit viktig verkemiddel for å få familiar til å slå seg ned i kommunen. Dei nye barnehagebygga har fysisk plass til alle, men det er naudsynt med fleire tilsette for å auke tal plassar. Dette vil utgjere eit konkurranse fortrinn for Kvam herad til å trekkje til seg unge familiar. Kvam ligg i skuggen av dei viktigaste områda for utvikling av nye arbeidsplassar og har ikkje råd til å ha tilsvarande dårleg tilbod som meir sentrale kommunar. Fleire tilsette i barnehagane gjev fleire arbeidsplassar og auka skatteinntekter.

Budsjettet for 2018 gjev ikkje rom for å auke ramma innanfor drift. Gjennom fleire år er det tatt inn store innsparingar i drift av tenestene. Ser ein på økonomiplanen fram til 2021, er det klart at heradet vil ha problem med å få budsjetta til å gå i hop i perioden. Dersom føresetnadane i planen held , er det naudsynt å auke inntektene i perioden. Å auke eigedomsskatten er ikkje attraktivt for bulyst, men dette er ein av få muligheiter vi har til auka inntekter. MDG foreslår difor ei auke i eigedomsskatten på 0,5 promille, til 4,5 promille. Vi får då handlingsrom til å gje eit tilbod om barnehageplass til dei som no står utan, og dermed betre omdømmet til kommunen i målgruppa. Auka eigedomsskatt vil vere viktig for å sikre disposisjonsfonda til Kvam herad og halda kommunen utanfor Robek (‘register om betinga godkjenning og kontroll’, dvs. verte sett under administrasjon).

Investering i sentrum av Norheimsund:

Den planlagde investeringa på 1,1 mill. til parkering i Norheimsund må sørge for å ta opp i seg å betre situasjonen for gåande i Grovagjelet; Alle gåande mellom trafikk-knutepunktet og Rådhuset, det framtidig familie- og læringssenteret og Norheimsund barneskule må gå i vegbanen på grunn av bilparkeringsplassane i bakken. Det er ikkje i tråd med trafikksikringsplanen, folkehelseplan, energi og miljøplanen og ei rekkje andre målsetningar om meir fysisk aktivitet og levande sentrum. Investeringa i parkeringsplassar må også føre til at noko av den mest sentrale bilparkeringa i Norheimsund vert sett av til parkering for sykkel.

Vi foreslår også at tilrettlegging for sykling skal betrast i alle kommunesentra, gjennom å opprette ladestasjonar for elsyklar. MDG foreslår at ein her kan invitere til eit spleiselag med næringsdrivande. Dette er små midlar som kan gje store ringverknadar. Kostnad 150 000, tatt frå næringsfondet.

Tiltak for å ta vare på matjord:

Kvam er ein landbrukskommune og jordbruksnæringa er basert på matjord. Ivaretaking av matjorda er uansett svært viktig i eit større perspektiv og vi vil jobbe for at vi ikkje skal miste eit einaste dekar. For å sikre at ressursen matjord ikkje skal verte redusert, må Kvam herad i 2018 sette i gang ei kartlegging av aktuelle areal i drift klassifisert som overflatedyrka eller innmarksbeite og som effektivt kan forbetrast og gjevast ei betre klasse med tilføring av matjord. I alle utbyggingsprosjekt der matjordsareal vil verte råka, skal endeleg plassering av matjorda gjerast direkte utan mellomlager, og med kortast mogleg transport. Forsking viser at direkte plassering er den beste måten å ta vare på matjorda dersom den må flyttast. Kostnad: kartlegginga skal skje innanfor drift.

Holmsund/Nyatreet:

Holmsund er ei perle og ein viktig plass for rekreasjon og bading sentralt i Kvam. Med den nye gang- og sykkelvegen vert området endå meir tilgjengeleg for alle grupper. Badeplassen er eit gamalt gardsbruk med fleire bygningar: Det gamle våningshuset vert nytta som møteplass for grupper drifta av Kvam herad, og kjellaren er toalett til bruk for dei som er på badestranda. Men fleire av dei andre bygningane er i svært dårleg forfatning, og eit sørgjeleg syn. For å ta vare på kvalitetane bør Kvam herad i 2018 utvikle ein visjon for området i samarbeid med ulike aktørar som t.d. Hardanger og Voss museum og Norheimsund grendautval. Kostnad: innafor drift

MDG vil støtte tiltaket om regulering av området i Øystese sentrum for ei mogleg utviding av arealet framfor det planlagde Hardangerbadet og Hardangefjordhotell. Dette vil styrke Øystese sentrum. Det er viktig at ei utviding av arealet vert gjort slik at det tek omsyn til landskapskvalitetane som er i området frå før og plassering av Turell sitt internasjonale kunstverk Skyspace.

Kostanden er stipulert til kr 1 mill.

Finansiering: kr 500 000 frå Kraftfondet og kr 500 000 frå tidlegare avsette midlar til arbeidet med Hardangertunellen.

Helsing for Miljøpartiet dei Grøne

Kari Mostad