Øyunn Stokkeland Kåset

Øyunn Stokkeland Kåset – 1999 – Grøn Ungdom/Bergen 4. kandidat på stortingslista frå Hordaland

Øyunn Stokkeland Kåset er ein pliktoppfyllande og enormt engasjert politikar til tross for alderen. Sidan ho tok over som talsperson i Grøn ungdom Hordaland tidleg i 2016, har ho teke initiativ til ei stor mengd aktivitetar, så mykje at Hordaland no er mellom dei laga i Grøn ungdom med størst aktivitet. Ho er lett å samarbeide med, har god erfaring med media etter å ha fått ei lang rekkje lesarinnlegg publisert i Bergens Tidende og andre aviser. Kåset er levande oppteken av skule og miljø, og ynskjer at desse to saksområda skal gå hand i hand. På kort tid har ho utvikla gode leiareigenskapar og eit brennande miljøengasjement. Ho har stort potensiale framover.