Natalia Golis

Natalia Golis - 1980 Kvam - 2. kandidat på stortingslista frå Hordaland

På andreplassen er Natalia A.Golis (36). Ho er bygde- og næringsutviklar i Ulvik herad og jobbar med samferdsle på fylkestinget. Hermstad og Golis er begge opptekne av å vidareutvikle ein grøn politikk som femner heile samfunnet.
-Grunnmuren er sjølvsagt at vi sett miljøhensyn først, vi er nødt til å innsjå at vi ikkje kan fortsette som før. Det er eit godt utgangspunkt for å byggje eit samfunn som legg vekt på livskvalitet, nærleik og tryggleik framfor auka materielt forbruk og kommersielt press. Dei Grøne står for eit samfunn eg veit mange ønskjer seg. Og det er innan rekkevidde, seier Hermstad.

Golis er opptatt av å sikre eit næringsliv som kan bidra til at Noreg blir eit fornybarsamfunn.
-Vestlandet er rikt på naturressursar, og vi har eit næringsliv som har både potensialet og kompetansen til å drive ansvarleg og framtidsretta, seier Golis.

Natalie Antonia Golis er nærings- og utviklingsansvarleg i Ulvik herad, og har budd i Kvam dei siste 10 åra. Ho har mastergrad i Arabisk språk og kultur frå Universitet i Bergen, med feltarbeid frå Libanon og Jemen. Golis har sidan overgangen frå Rødt i 2013, blitt attvald til fylkestinget, blitt landsstyremedlem og er i dag også fylkesleiar i Hordaland MDG. Ho nyt stor respekt i desse rollane. Golis har særs god forståing for politiske prosessar og har mykje kunnskap om utfordringane i fylket vårt.  Ho er særleg oppteken av næringsutvikling og kva livsgrunnlag me gir vidare til kommande generasjonar.