Arild Hermstad

Arild Hermstad -1966 Oslo/ Bergen -1. kandidat på stortingslista frå Hordaland

Arild Hermstad (50) er vald til førsteplassen på stortingslista for Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland. Sida 2001 har han leia Framtiden i våre hender, som i dag er den største miljøorganisasjonen i Noreg.
-Eg er glad for den tilliten eg har fått, og ser fram til å jobbe for at Dei Grøne i Hordaland for første gong i historia får inn ein representant på Stortinget, seier Hermstad.

Arild Hermstad er leiar på 15. året i den største miljøorganisasjonen i Noreg, Framtida i våre hender. Hermstad er den som i høgast grad har sett overforbruk på agendaen i Noreg. Han opptrer klokt, tydeleg og med ein varme som når mange menneske. Dei siste åra har han forma Framtida i våre hender til ein organisasjon som både kan halde på det høge medlemstalet, og presse fram nasjonal politikk, mellom anna for meir etisk handel. Hermstad er utdanna økonom og samfunnsgeograf og har tidlegare jobba i bank og for Raftostiftinga. Han har framifrå leiarevner, profesjonalitet og erfaring med media, og er ein svært god listetopp.