Øystesevassdraget – frå fjell til fjord

Stad: Hordaland, Kvam herad
Øystesevassdraget er eit av dei siste vassdraga i Hordaland som framleis får renna fritt heilt frå fjellet og ned til fjorden. Vassdraget har dei øvste kjeldene sine i bekkane frå Fuglafjellet kring 1300 m.o.h. Dei samlar seg i elvar og vatn i Fugladalen og Solheimedalen og renn ned i Vossadalsvatnet. Elva held fram gjennom eit unikt, variert landskap og går ut i Fitjadalsvatnet før ho kastar seg ut over den majestetiske Ørredalsfossen og vidare ned i Hardangerfjorden. Alle fagetatar (DN, FM, NVE) tilrådde vern av vassdraget i 2005.

Øystesevassdraget er ein svært viktig del av landskaps- og friluftslivsopplevinga i dette villmarksprega området som strekkjer seg frå Hardangerfjorden over mot Bergsdalen og Vossafjella. Det er eit sårbart høgfjellsområde av stor verdi. Landskapet er særs variert og har eit urørt preg. Små og større fossefall, stryk, jettegryter, rik variasjon i naturtypar, kulturminne og gamle stølsmiljø pregar landskapet heilt ned til Hardangerfjorden. Området er viktig som beite for sau. Heile området som vassdraget går gjennom, er eit svært viktig frilufts- og rekreasjonsområde både for hardingar, vossingar og tilreisande frå Bergensregionen. Vi anslår at ca 400.000 menneske har Bergsdalen og Kvammafjella som sitt næraste, store utfartsområde. Ei viktig T-merka løype fylgjer vassdraget frå Fitjadalen til Vending turisthytte nær Hamlagrø. Området har eit godt nettverk av Tmerka løyper og DNT-hytter, og høver godt for barnefamiliar med forholdsvis korte etappar mellom hyttene. Bergen og Hordaland Turlag har utvida tilbodet med to nye hytter sidan 2013 og har totalt 6 hytter i området.
Øysteseelva er ei historisk viktig lakse- og sjøaureelv, samtidig som nedbørsfeltet er nær minimumskrava til laksen. Overføring av høgtliggjande nedbørsfelt vil kunna fjerna laks frå vassdraget permanent. Øystese jeger- og fiskarlag har drive kultiveringsarbeid både i elva og i Fitjadalsvatnet i mange tiår. Fitjadalen er godt tilrettelagt for friluftsliv, og har bl.a. handicappheis for å hjelpa rørslehemma ut i båt.
NVE har tilrådd to utbyggingar i Øystesevassdraget. BKK ynskjer å overføra vatn frå Vossadalsvatnet til Svartavatnmagasinet og Øystese kraft vil nytta ut fallet med inntak ovafor Ørredalsfossen. Kunnskapsgrunnlaget som tilrådingane baserer seg på er diverre tynt og framstår som mangelfullt.
Hordaland er det fylket i Noreg som har bygd ut mest vasskraft. Heile 9 av 10 av vassdraga som ikkje er verna, er bygde ut i dag. Hardangerregionen har vore spesielt råka av store miljøkampar, og har måtta ofra mykje natur. Det er stor lokal motstand mot de planlagte utbyggingene, spesielt i øvre del. Alle dei store natur- og friluftslivsorganisasjonene (Naturvernforbundet, DNT, NJFF, FNF, SABIMA, WWF) står saman i kampen om å bevara Øystesevassdraget fritt for inngrep.

Laste ned pdf dok her