Grønt skifte også for blå sektor

Lese innlegg i HF av Kari Mostad

Svanøy. Elin Tveit Sveen driver med lakseoppdrett på Svanøy utenfor Florø. Hun er daglig leder av Marø Havbruk. Her ser vi en fisk som hopper.

Som eit føregangsparti for ”det grøne skiftet” er Miljøpartiet dei grøne svært glad for 1. mai talen til ordførar Jostein Ljones i Ålvik. Jamfør HF har han lansert ein visjon om at ”Hardanger, med den reine naturen og den reine energien vår, skal verta ein region som er kjend i heile verda..”. Metallurgisk industri er komen langt med reinsing etter pålegg frå myndigheitene, og på land er det rett å snakke om rein natur.
Men fjordnaturen er skiten, og det er der me treng ein visjon for endring. Kravet om å finne måtar til å fjerne kvikksølvet må bli like sterkt i Hardanger som strilefolket sin kamp om ubåten ved Fedje, slik at all fisk vert farefri mat. Og lakseoppdrettsindustrien må få eit reelt press på seg til å bli ein del av det grøne skiftet. Det tyder at dei produksjonsmåtane som skadar villaks og sjøaure, reduserar kvaliteten på sei og slepp ut giftstoff me ikkje har oversikt over skadeverknadane av, må opphøyre. Dette må bli eit krav frå Hardangerrådet, som ordføraren har lansert visjonen for. Ein visjon om rein fjord som blir realisert vil gje auka bulyst, trivnad og nye arbeidsplassar. MDG voner difor det er lett for ordføraren å seie at visjonen hans om det grøne skiftet også gjeld den blå åkeren.