Fråsegn Årsmøte Bukollektiv for eldre

Bukollektiv for eldre i Kvam

Sand bu- og omsorgssenter Har 22 omsorgsbustader

Det vert stadig fleire eldre. På landsbasis vert det dobbel så mange over 67 om 30 år. Det er grunn til å tru at desse data frå Huseiernes landsforbund også gjeld for Kvam,
Miljøpartiet dei grøne (MDG) i Kvam meiner heradet må vera på offensiven og alt no finna areal til og kartleggja interessa for kollektive buformer for eldre.
Ei undersøking gjennomført av Helsedirektoratet i 2012 viser at 80 prosent av dei eldre ynskjer å bu i eigen bustad eller i ein tilrettelagt bustad med felles tenester. Kollektive løysingar kan erstatta store einebustadar og leilegheiter og utsetja trongen for institusjonsplassar. Buløysingane kan planleggjast med fellesrom inne og hageområde der det kan dyrkast både grønsaker og blomar.
I slike bukollektiv er det plass til privatliv. Samstundes er det lagt til rette for fellesskap både ute og inne. Mange eldre er einsame. Ein del har også fysiske og psykiske lidingar. Eldrekollektiv kan dekka det sosiale behovet for fellesskap på eit anna grunnlag enn det ein har på institusjon eller i lag og foreiningar.
Årsmøtet i MDG i Kvam meiner at bukollektiv for eldre bør leggjast inn i sentrumsnære bustadområde eller planleggjast i eigne lett tilgjengelege område.